Wardruna — Andvevarljod

Слушать Wardruna — Andvevarljod

Текст Wardruna — Andvevarljod

Vendum vendum… [repeat]

Or vordehaugen
Drog eg ordi
Leita songar
Upp or jordi
Dreiv på vindar
Vakre viser
Lagnadsdiser
Baud meg vitje
Baud meg sjå
Min eigen tråd
I Nornespå

Rend er veven
Med ørlogstrådar
Ramme rim
Magnar banda
Kvervelvindar
Hapt i hugar
Liv og lagnad
Ordi avlar

Såg du din fyrste dag
Drog fyrste andedrag
Der omkring stod nornar ni
Vinda vevja, vind til liv
Låg du der i favn åt mor
Knytta i ei navlesnor
Bytte den med ættarband
Liv og lagnad, i det spann

Møyer steig på ættarhaug
Dansa yver alv og draug
Vinden leiker, i møyer dreg
Vinden som vil fylgje deg

Nornar nie – steig fram
Vov og bandt – lagnad

For min unge, eg gåver baud
Så ingen vov med ilske; naud
Ved stokk ved stein ved trolletein
Spinn dei lagnad, utan mein

Nornar nie, høyr meg
Vord min veg, før med
Lindrande hender
I lækjande fotspor

Andar inn
Tankar svinn
Andar ut
Reidsle rinn
Kvart eit drag
Viljen veks
Hjarte sler
Vidt eg ser
Vind i hått
Vind i hugen
I mitt mot
I min vilje
Slepp det fri
Lar det fara
Eg vert heil
Eg er heil

Kom vind i hátt
Kom vind i hug
Vilje som veks
I temjande vers
Kveikjer ein storm
Den kveler sott og sorg
Du vert heil
Du er heil
Eg vert heil
Eg er heil

Vendum vendum… [repeat]

No hev Nornar
Vevd si vise
Songen stillnar
Vinden med
Gåver gjevne
Til den som lytta
Her eg stende
I heilagt vé
Gamalt minne
Lemnar meg
Lemnar meg
Lemnar meg…