Sissel — Det hev ei rose sprunge
Слушать Sissel — Det hev ei rose sprunge
Текст Sissel — Det hev ei rose sprunge
Det hev ei rosa sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnattstid.
Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.
Guds rosa ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
og natti vart til dag.